1lgbt-flags-15

Lesbisk kvinne: Pride har gått for langt

Nokre korte utdrag frå intervjuet, som blei publisert i nettavisa Stord24 den 14. juni 2023:

Gunnhild er oppgjeven over korleis Pride har utvikla seg, og trur at slik det er no, kan effekten vere motsett av det intensjonen er.

– Som lesbisk har eg aldri følt meg meir annleis enn no, seier ho.

Ho synest det er for mykje oppstyr rundt Pride, er skeptisk til noko av innhaldet, og det at folk kan føle seg tvungne til å like innhaldet i markeringa.

(...)

– Why? Er det lov å be om litt hensyn og pusterom for oss «skeive» som prøver å leve eit normalt liv uten det uendelige maset og pride og flagg? MÅ det bli så mykje oppmerksomhet rundt det å vere tiltrukken av samme kjønn? Kvar sommar det evige maset.. gnålet, hysteriet som ikkje lenger handler om kjærlighet, men skrudd kjønnspolitikk og ellers forvirra fetisjer!