Pride - en feiring under falskt flagg
Første del av Aud Farstads kronikk i Sunnmørsposten, 1. juni 2026:
https://www.smp.no/meninger/kronikk/o/aJj9jL/pride-ei-feiring-under-falskt-flagg
Pride – ei feiring under falskt flagg
Det er Pride-månad med flaggheising og paradar og fordøming av dei som er kritiske. Eg er ein av dei, og her er mine argument, skriv Aud Farstad.
At heile juni er avsett som Pride-månad og at ein berre i Ålesund har sett av ni dagar til feiring, kjennest urimeleg, skriv Aud Farstad.

Aud Farstad
Ålesund
Den første innvendinga eg har, er storleiken. Om lag ein prosent av nordmenn er homofile. At heile juni er avsett som Pride-månad og at ein berre i Ålesund har sett av ni dagar til feiring, kjennest urimeleg. Til samanlikning har heile nasjonen berre ein einaste dag til å feire fridom og demokrati.
For det andre er det tvangen. Sjølv om dette gjeld vaksen seksualitet skal ein feire i barnehagar og på skular anten ein vil eller ei. Mange av oss meiner dette er skadeleg seksualisering av barn. Dessutan mislikar mange av oss meiningstvang og reagerer sterkt når ein ideologi vert pressa ned i halsen. Eg trur ikkje eg er eineståande i min inngrodde mistanke til det «alle» meiner er den rette tru.
For det tredje er det framvisinga av nakenheit og eksponering av seksuelle fetisjar i paradane. Sjølv om dette ikkje er eit problem i små byar og på landet, er det tydeleg i større byar. Blotting er elles forbode og vert straffa med bot eller fengsel. Kvifor er det unnatak for pride? Er homofile menn brått ei heilag klasse menneske?
Kjønnstru kuppar Staten
Det aller viktigaste for meg er likevel at eg meiner Pride seglar under falskt flagg. Dette er eit spesielt viktig poeng no då det 1. juli i år er ti år sidan Noreg, som eit av dei første landa i verda, innførte Lov om endring av juridisk kjønn. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2016-06-17-46
Ei lov som ikkje ein gong nemner biologi. Det er min påstand at Pride ikkje lenger handlar om kjærleik eller toleranse eller menneskerettar for ein sårbar minoritet, men om innføring av ein ekstremt radikal kjønnsteori og dessutan ein kamp om makt og pengar. Det er den nye kjønnsteorien som ligg bak når Staten kan slå fast at kjønn ikkje er ein fast storleik, men noko ein kan velje etter at ein har sendt inn ein søknad til folkeregisteret.
Organisasjonen Fri var ein av premissleverandørane for denne lova. Gjennom vellukka lobbyarbeid har dei kuppa staten. Korleis ærerike organisasjonar for homofile brått kunne gå inn for at kjønn er flytande og dermed undergrave si eiga sak, er eit stort tema som det er skrive bøker om.
Diverre har den nye ideologien òg kuppa både forlaga og media, særleg NRK, slik at nordmenn diverre ikkje får kritisk, opplysande journalistikk om dette temaet. (Eg vil framheve to bøker på norsk frå vesle Medvit forlag: «Kjønnstru. Kampen om røynda» og «Kjerringer mot strømmen».)
Organisasjonen Fri sitt fulle namn er «Fri – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold». Alt i namnet påstår dei altså at det finst eit mangfald av kjønn. Større hovmod kan ein ikkje oppvise enn å postulere at det menneskeslekta har visst i all tid, at det er like umogeleg for menneske å skifte kjønn som det er for ein okse å bli ku, ikkje lenger gjeld. Kjønn vart brått eit spørsmål om kjensler.