Beskrivelse og anbefaling fra en lokal leder om kurset Samlivsrevolusjon
Vår forsamling ligg i eit landeleg område i Sunnmøre, med få innbygjarar, så pridefeiringer og heising av prideflagg har vore noko vi berre har høyrt om på fjernsyn eller har lest om i avisa.
Dette har derimot endra seg dei siste åra. Lokale krefter har både heisa prideflagget i offentlege flaggstenger og fremma deltakelse frå kommunetilsette og andre i pridemarkeringar.
Dette gjorde at tematikken kom nært og vi som kristne følte at vi ikkje hadde nok kunnskap og innsikt til å kunne snakke om desse tinga, og heller ikkje heilt korleis vi skulle forholde oss til det bibelsk.
Då vi kom over kurset «Samlivsrevolusjon» som MorFarBarn har utarbeidd følt vi dette var akkurat det vi var på jakt etter.
Som sagt så gjort. Vi tok kontakt med Øivind Benestad og han kom villig til oss og haldt eit temamøte der han i store linjer underviste om tematikken. Det at Benestad kom og heldt møte skapte ein del oppmerksomhet rundt kurset og fleire vart interesserte i å delta.
Vi valgte å gjere dei 5 samlingane til ei litt uformell samankomst. Vi sette fram kaffi og te og litt enkel bevertning, slik at dei som kom, kunne varme seg og småprate litt. Så viste vi dagens kursvideo med påfølgande samtaler etterpå. Vi printa ut dagens PowerPoint- presentasjon, og den vart delt ut til deltakarane. Dette vart svært godt motteke.
Etter video-undervisninga var enkelt å gå tilbake i presentasjonen og snakke om dei ulike tinga som var teke opp denne kurskvelden. Deltakarane syntest også det var greit å få den med seg heim slik at dei kunne fortsette å fordøye temaet og lære seg fakta til å ta med seg ut i kvardagen.
Vi hadde rike og gode samtaler, og vi følte at vi alle fekk ei forståing for sjølve temaet, men også ei stor innsikt i kor mykje meir alvorleg og inngripande i heile samfunnet vårt desse tinga er.
Ikkje minst var det rystande å forstå kor raskt utviklinga har gått og kor mykje i «skjul» styresmaktene og også kyrkja har innført desse tinga.
Alle satt vi igjen med alvoret i det som skjer i samfunnet vårt. Vi kan no møte desse tinga med kunnskap, forståing og motargument fordi vi har fått den innsikta vi treng. Og vi har også fått tryggleik i at vi er fleire som meiner det same om desse tinga.
For følelsen av å være åleine var nettopp ein av dei tinga som deltakarane følte på. Saman er vi no sterke og kan stå imot utviklinga.
Som leiar var det godt å ha tilgang til alt materiellet som finst på nettsida MorFarBarn.no. Eg printa ut fleire ting som deltakarane var interesserte i, og også tema-ark som eg meinte kunne være til nytte.
Som forsamling har vi bestemt oss for å fortsette å halde oss informert, og også å dele denne informasjonen med andre forsamlinger og menigheter i området vårt. Vi vil også bruke materialet som er på MorFarBarn sine sider og dele ut aktuelle tema-ark til alle som er villige til å ta imot.
Vi håper at alle forsamlingar og kyrkjelydar tek dette kurset. Det har gitt oss kunnskap, tryggleik og innsikt i kva Guds Ord seier om desse tinga.
Edith Anita Gullvåg
Syvde, Vanylven